150 år for hardingen
Me som voks opp her. Me som bur her. Me som vil leva her.
1915 Ι ÅRGANG 43
Samla inn pengar til mitraljøser
TEKST Håkon Norheim
Publisert 30. mai 2023
Vikør meieri har tidlegare i vinter gjeve kring 200 kroner til mitraljøser til Hardanger bataljon. Pengane kom inn ved at kvar leverandør gav så mykje mjølk som han ville til føremålet, skriv lokalavisa 1. mars.
I går kveld skipa Steinsdalens ungdomslag til ein fest på Dalatun til inntekt for våpena. Lærar Svarstad tala om storbyen London, Olav Lid om fredstanken og Sandvoll om fred. Innimellom song Norheimsund Songlag og ein mannskvartett. Det kom inn 72 kroner.
1914 Ι ÅRGANG 42
Lokale fiskarar omkom i nord
TEKST Håkon Norheim
Publisert 28. mai 2023
15. april 1914 melde HF om eit forlis i Troms.
Sluppen «Heimdal», som tilhøyrde skippar Eide frå Øystese, forliste i Tromsø langfredag. Fartøyet var på veg til Finnmark og hadde eit mannskap på fem eller seks. Det vart ført av ein skipper frå Solesnes. Under ei bye på Bensfjorden Tromsø valt sluppen, og fire mann omkom. Skipparen vart berga av eit motorfartøy som kom til ei stund etter.
Dei omkomne var Lars I. Borgen (60), Andreas Sjøtun, Ola S. Vik (17) og Arne S. Espeland (15). Dei tre fyrste var frå Jondal og den siste frå Norheimsund.
1913 Ι ÅRGANG 41
Nitrist fyllerekord
TEKST Håkon Norheim
Publisert 26. mai 2023
«En sørgelig Rekord satte Kristiania Politikammer Juleaften, i det det satte 141 Personer ind i Fyllearresten. 1ste Juledag arrestertes 76 og 2den Dag 30.»
Det skriv HF fredag 3. januar 1913.
1912 Ι ÅRGANG 40
Rekordjag kosta 1.500 livet
TEKST Håkon Norheim
Publisert 25. mai 2023
S/S «Titanic»-forliset, «historiens største Sjøulykke» så langt, fekk god plass i HF etter det hende måndag 15. april 1912.
Skipet hadde 1.320 passasjerar og om lag 900 i mannskapet. I alt var 2.229 om bord, ifylgje Store norske leksikon. Om lag 1.500 menneske omkom og 700 berga. 20 av dei omkomne var norske. Mellom passasjerane på tredje klasse var om lag 300 skandinavar. Mellom passasjerane på fyrste klasse var ein heil del amerikanske millionærar, og den verdskjende redaktøren Stead, skriv HF 18. april.
Straks ulukka hadde hendt, gjekk ein i livbåtane, men det var for få av dei. Dei som fekk plass, dreiv omkring på havet i fleire timar til dei vart berga av RMS «Carpathia» (Royal Mail Ship, journ.mrk). Andre skip kom til ulukkesstaden, men for seint. Den trådlause telegrafen er å takka for at nokre vart berga, skriv HF.
Det nordlege Atlanterhavet hadde våren 1912 mykje is, og «Titanic» var informert om dette, skriv HF 20. april. Likevel har skipet segla med ein nesten uvøren fart «for at sætte en glimrende Rekord på sin første Tur. Dette Rekordjag kosted altsaa 1500 Mennesker Livet», skriv HF.
Ved å leggja kursen meir mot sør ville reisa vorte seinka med nokre timar, men ein ville òg ha vore kvitt risikoen. Viss talet på livbåtar hadde vore tilstrekkeleg, ville kanskje alle om bord kunna berga seg, for vêret var stille, om enn noko kaldt.
Det engelske mannskapet får ros fordi kvinner og born først fekk plass i livbåtane. Kaptein Smith gjekk ned med skipet.
Skip og last var forsikra for 57 millionar kroner (3,9 milliardar kroner i dagens pengeverdi, journ.mrk).
25. april skriv HF at engelske aviser listar opp klagepunkta i «Titanic»-katastrofen slik:
- Skipet gjekk med full fart – 23 knop.
- Isfjella var varsla fleire dagar på førehand, og heile sundag ettermiddag hadde ein passert isfjell.
- Natta var stjerneklar og sjøen spegelblank.
- Offiserane erklærte at natta var så lys at lyskastarar var overflødige.
- Utkikksmannen ropa varsku då isfjellet var ein halv kilometer borte.
- Isfjellet var minst like høgt som skipet.
- Fyrsteoffiseren som var på vakt, gav ikkje ordre om å stoppa, men prøvde å svinga utanom.
- Passasjerar som var engstelege, hadde fått lovnad om at det ikkje skulle gjerast noko forsøk på å setja rekord.
- Passasjerane hadde ikkje merka noko før kapteinen seinare vekte dei og gav ordre om å ta på redningsbelte.
- Fleire augnevitne forklarar at offiserar og mannskap viste seg så udyktige at det grensa til eit brotsverk. Ein etter ein vart livbåtane sette til sjøs berre halvfulle. Dei inneheldt i alt berre om lag 700 passasjerar, men hadde plass til dobbelt så mange.
«Titanic»-katastrofen fekk monaleg merksemd og vekte harme på båe sider av Atlanterhavet, ifylgje Store norske leksikon.
Det vart halde havarikommisjonar både i USA og Storbritannia som undersøkte ulukka og kom med ei rekkje tilrådingar. Som fylgje av «Titanic»-ulukka måtte alle passasjerskip ha nok livbåtar til alle om bord. Det vart innført nye reglar for bruken av trådlaus telegraf, inkludert krav om døgnbemanning. International Ice Patrol vart oppretta for å overvaka og melda frå om is ved Newfoundlands-bankane, der Titanic sokk. Denne eksisterer enno, ifylgje Store norske leksikon.
1911 Ι ÅRGANG 39
Slegne i svime av lynet
TEKST Håkon Norheim
Publisert 24. mai 2024
Uvêret tysdag medførte lynnedslag ei rekkje stader i Søndre Bergenhus amt. Det skriv lokalavisa laurdag 2. september 2011.
I Strandvik slo lynet ned i telefonstasjonen. Fem menneske vart slegne i svime, og enkelte av dei er enno ikkje bra. 13 vindaugo vart knuste, telefonapparatet vart splintra, og det vart gjort mykje annan skade. «Det var et Under, at Menneskeliv ikke gik til spilde», skriv HF.
I Fitjar slo lynet ned i ei løe og sette fyr på henne. Både løa og avlinga strauk med, og det var på hengande håret at ikkje også våningshuset gjekk opp i røyk.
På Stord slo lynet ned fleire stader nær Leirvik. Krøter vart råka, men ikkje alvorlegare enn at dei kom seg att. I Fjell merka ein fleire lynnedslag i utmarka og på fjorden. I Samnanger slo lynet ned i eit stort tre.
1910 Ι ÅRGANG 38
«Alt Landet spør, hvad den Mand har der at gjøre»
TEKST Håkon Norheim
Publisert 23. mai 2023
Hordalands Folkeblad var venstreavis i den perioden avisene høyrde til ulike parti. Det kan vera verdt å hugsa på når ein les fylgjande notis i HF 18. april 1910:
«Vestlandets Tilsidesættelse
Naar Høire er ved Magten er Vestlandet Stedbarn. Det er en gammel erfaring. Høire-Intelligensen er klumpet sammen i Kristiania og nærmeste Omegn; der er Partiets Tyngdepunkt; derfra utgaar Parolen. Ministeriet Konow blev dannet med den mest openbare Tilsidesættelse av alt Vestland fra Stavanger Amt til Romsdalen. Selve Sjefen som likesom skulde repræsentere dette store Strøk av vort Land satte sig ut av al Indflytelse på Sakernes Løsning ved at frita sig for ethvert Departement-Arbeide. Tilsidesættesen har naturligvis git seg praktisk Utslag ved den første Leilighet, som gaves», skriv HF.
Englandsruta spelar, som jordbruket i Stavanger, Søndre Bergenhus, Nordre Bergenhus og Romsdals amt, ei svært framtredande rolle og er ein av livsnervane for heile Vestlandet. Det er gjeve ein komité i vold, der dei vestlandske interessene er heilt forkasta, meiner lokalavisa.
Arbeidsministeren, trøndaren Brænne, har derimot putta inn i komiteen ein ganske ukjend sildevrakar frå sin eigen by.
«Alt Landet spør, hvad den Mand har der at gjøre», skriv HF.
1909 Ι ÅRGANG 37
S/S «Titanic» er under bygging
TEKST Håkon Norheim
Publisert 22. mai 2023
Fylgjande annonse kan lesast i Hordalands Folkeblad 26. februar 1909:
«Til Amerika og Canada reiser man sikrest og bedst med Hvide Stjerne Liniens prægtige Paladsdampere, som underholder 3 ugentlige Afgange fra Bergen via England.
Verdens største Dampere under Bygning er S/S (Steam Ship, journ.mrk.) «Olympic», 45000 Tons, S/S «Titanic», 45000 Tons, 1000 Fods Længde hver.
Ny directe Rute paa Canada. S/S «Laurentic», 15000 Tons, S/S «Megantic», 15000 Tons.
Dette er de største Dampere, som gaar paa Canada, Hvide Stjerne Liniens Dampere er ualmindelig stødige Søskibe, som praktisk talt kan gjøres synkefri ved en ny Indretning, hvorved vandtætte Dære kan lukkes paa faa Sekunder fra Kommandobroen.
Traadløs Telegraf findes ombord i alle Liniens Dampere.»
Vidare i lysinga kan ein lesa at tredje klasse er moderne, behageleg og tidsmessig innreidd med lugarar for 2–4 og 6 personar. Båtane har avgang frå Bergen kvar måndag, onsdag og laurdag. Hovudagent er Caspar Nilsen i Strandgaten i Bergen.
«Titanic» vart ferdig i 1912, ifylgje Store norske leksikon. Med sine 46.328 bruttotonn og ei lengd på 269 meter var passasjerskipet på dette tidspunktet verdas største skip. Det vart sett i drift på ruta Southampton–New York.
«Titanic» var kjent som skipet som ikkje kunne søkka. Likevel sokk det på si fyrste reise, søraust for Newfoundland, natt til 15. april 1912, 2 timar og 40 minutt etter å ha treft eit isfjell. 1.500 menneske omkom og 700 berga. 20 av dei omkomne var norske.
«Titanic»-forliset vart verande den største skipskatastrofen i fredstid fram til 1987. Då kolliderte ei overfylt filippinsk passasjerferje med ein oljetankar, og 4.000 menneske omkom.
Vraket etter «Titanic» vart lokalisert på 3.800 meters djupn i 1985.
1908 Ι ÅRGANG 36
26 omkom i skipsforlis
TEKST Mari Håkon Norheim
Publisert 21. mai 2023
Dampskipet «Folgefonden» gjekk på grunn i Etne i Sunnhordland i 23-tida laurdag 22. august 1908.
Det skildrar lokalavisa 25. og 28. august og 1. september.
Skipet, som var eigt av Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab (HSD), var på veg frå Bergen til Skånevik då det gjekk på Trøskenesflua. Baugen vart knust, og skipet sokk med framenden fyrst.
Om bord var kring 70 passasjerar og post. 23 passasjerar og 3 av mannskapet omkom. Om lag 45 overlevde, vart det hevda i sjøforklaringa, ifylgje lokalhistoriewiki.no.
Det vert fortalt at båtsmannen stod åleine på brua og ved roret då skipet nærma seg Skånevik. Kaptein Johannessen kom opp og spurde om kursen var rett. «Ja, det er den», lydde svaret. Få sekund etterpå skjedde grunnstøytinga, ifylgje HF.
Størstedelen av passasjerane var i seng då ulukka hende. Vitne har fortalt at det knaka og brast i heile skroget ved grunnstøytinga. Livbåtane kom på sjøen, og redningsbelte vart delte ut.
Restauratrise Margit Thorsen var mellom dei som tok leiinga og berga mange. Sjølv omkom ho då skipet gjekk ned etter berre mellom fem og ti minutt.
Mellom dei omkomne av mannskapet var ein matros, Halvard Skjelvik, som var åndsnærverande og pliktoppfyllande til det siste. Han etterlét seg kone og åtte born. Også fyrstemaskinist Knudsen omkom.
Panikken om bord var ubeskriveleg, men det var også mange døme på ro og heltemodig arbeid, skriv HF. Livbåtane vart sette ut med «mønsterverdig presisjon» og redningsbelte hengde på passasjerane før den avgjerande «prøven».
Dr. Wallace i Skånevik fortener å nemnast med ære for si leiing av og uthald i arbeidet med å gjenoppliva mange av dei som vart henta i land, skreiv lokalavisa.
Allereie sundag ettermiddag vart dykkarar sende til staden. Dei fann straks 12 omkomne, som vart frakta til Skånevik. Måndag vart det funne éin eller to til.
Fartøyet vart funne på om lag 40 meters djupn, 400–500 meter frå ulukkesstaden og om lag 200 meter frå land.
Ikkje få av dei drukna hadde livbelte på då dei vart funne. HF-redaktøren tykkjer det nesten ser ut til at livbelta ikkje kom til nytte. Anten må dette skuldast for lita bereevne i belta eller at det var for vanskeleg å binda dei på seg, skriv han. Redaktøren meiner det for framtida må sikrast at ein har øvingar i bruk av livbelte og at dei må vera lett tilgjengelege.
Ulukka fekk rettsleg etterspel. Båtsmannen som sto til rors og hadde ansvaret på brua under grunnstøytinga, vart dømd til 30 dagars fengsel og 30 kroner i sakskostnader, vel 2.200 kroner i dagens pengeverdi. Han hadde drukke alkohol, og retten meinte at det var årsaka til at båten hadde kome ut av kurs.
Ein maskinist fekk bot for ikkje å ha gått rett i den livbåten han hadde ansvar for, og ein mann vart dømd for å ha rodd vekk med ein livbåt med få personar i.
1907 Ι ÅRGANG 35
HSD-aksjonærar hevar røysta
TEKST Håkon Norheim
Publisert 20. mai 2023
Nokre aksjonærar i «Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab» klagar på prisane for både passasjer- og varefrakt med dampbåtane.
Dei skriv eit innlegg frå Sørfjorden i Hordalands Folkeblad 19. november 1907.
Årsaka til prisauken er høgare mannskapsløn og aukande kolprisar. Andreklassebilettane med «Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab» (HSD) er dei høgaste på kysten og i fjordane, hevdar aksjonærane. Dei auka prisane fører til forarging og står neppe i forhold til det vesle tillegget i mannskapsløn og kolprisane, meiner dei.
Hurtigruta på Sørfjorden er stadig overfylt av så mykje varer at korkje fyrste- eller andreklassepassasjerane kan røra seg. Materialar, takstein, maskingods, høyballar, tønnegods, fruktemballasje og anna gjer at ein ikkje kan snu seg utan å risikera liv og lemer. Grunnen er sjølvsagt, skriv aksjonærane, at det ikkje er konkurranse på strekkja.
I Odda er det planar om ei konkurrerande line, skriv dei.
«H. S. D. kan nok synes at være et mægtigt Selskab, men Bønderne antager jeg er mægtigere, hvis de slutter sig sammen, derfor bør Fragtsatserne revideres før det bliver for sent. Skal man faa to konkurrerende Selskaber paa Fjorden, vil det nok bli til begges Skade», skriv aksjonærane.
Dei er òg imot ordninga med at tilsette i HSD og familiane deira får reisa gratis på fyrsteklasse.
23. november skal det vera generalforsamling i HSD. Der skal det drøftast om det skal byggjast eit nytt passasjerskip for rutene på Sunnhordland, og om aksjekapitalen skal utvidast. Det skal òg vera på tale å kjøpa C. Sundtsgate 33 i Bergen. Aksjonærane saknar melding om dette, og det er sagt at ein må åtvara sterkt mot kjøpet. Det vil nemleg vera det mest risikable tiltaket selskapet gjev seg ut seg på, skriv dei.
Aksjonærane åtvarar mot den høge eigedomsskatten i Bergen. Dei spør seg kvifor selskapet skal lasta seg med ein kostesam eigedom når det kan sitja langt billegare i det som leigetakar. Den føreslegne eigedomen er vel så dyr, skulle ein tru, at han fører med seg tap for eigaren, og då er vel det grunnen til at han vil selja, spekulerer dei.
«Nei, far forsigtig frem og se Tiden an, saa kan der vel blive en passende, billig Eiendom at faa», skriv aksjonærane.
1906 Ι ÅRGANG 34
Landsmål i herandsskulen
TEKST Håkon Norheim
Publisert 19. mai 2023
Skulestyret i Jondal gjekk inn for å innføra landsmålet i folkeskulen i Herand. Det hender trass i uviljen som eit fleirtal av dei eldre i krinsen nærer mot nynorsken.
Det melder Hordalands Folkeblad tysdag 2. januar 1906.
Redaktøren kostar på seg ein kommentar midt i faktasaka:
«Dette er en Beslutning, der tjener Skolestyret til Ære, og vil være til Honnør for den opplyste og fordomsfrie Del av Herandsfolket som har arbeidet for Målsakens Vekst i sin Bygd.»
Skulestyret heldt møte i kommunehuset på Jondalsøyri 28. desember. Samson Haugen og Lars og Helge Sæverhagen føreslo at landsmålet måtte takast heilt i bruk i Herand skulekrins. Saka har vorte førelagd skuledirektøren og krinsen. På krinsmøtet var det 45 frammøtte. 31 stemde mot og 14 for.
«Bygdens mest interesserede og forstandigste Skolemænd stemte alle for», skriv signaturen L.B.
Etter ein lang diskusjon i skulestyremøtet føreslo A. Neraal at saka skulle utsetjast. Det vart forkasta mot ei stemme. Deretter vart det, mot ei stemme, vedteke at det skriftlege arbeidet ved Herand folkeskule «i almindelighed» skulle gjerast på landsmål og at ein skulle nytta landsmålsutgåva av lærebøkene når dei var komne ut.
Vedtaket skulle tre i kraft frå byrjinga av det fyrstkomande skuleåret.
1905 Ι ÅRGANG 33
Brusfabrikk på flyttefot
TEKST Håkon Norheim
Publisert 17. mai 2023
Steinstø Brusfabrikk vert flytta til Norheimsund til påske. Det melder lokalavisa tysdag 4. april 1905.
Lokale er leigt og innreia i kjellaretasjen i huset til O. Vikør. Årsaka til flyttinga er hovudsakleg at verksemda, som er godt opparbeidd og har god omsetning, ikkje er i stand til å ekspedera tingingane så raskt som ynskeleg frå Steinstø.
Staden hadde nemleg dampskipsanløp berre eit par gonger i veka. I presserande tilfelle har ein vore nøydd til ro til Øystese med sendingane. Denne ulempa vert bøtt på med flyttinga.
1904 Ι ÅRGANG 32
Hest vart skjerr
TEKST Håkon Norheim
Publisert 16. mai 2023
Eit køyreuhell hende 1. pinsedag då fru Aga og nokre andre kvinner var på veg frå kyrkja i Vikøy tilbake til Norheimsund. Det melde Hordalands Folkeblad tysdag 24. mai 1904.
Kvinnene hadde nett passert Kaldestad då hesten plutseleg «vart sky» og sprang ut av vegen. Vogna velta, og kvinnene kom ein del til skade. Ei kone frå Mo vart så hardt skadd at legen tilrådde henne å søkja hjelp i Bergen.
1903 Ι ÅRGANG 31
Flest turistar kjem frå England
TEKST Håkon Norheim
Publisert 14. mai 2023
Turisttrafikken i år må for Vestlandet sin del skildrast som svært god og monaleg betre enn i fjoråret.
Det skriv signaturen «–t», som refererer Bergens Aftenblad, 6. oktober 1903.
Ifylgje Beyers «Weekly News» var talet på utanlandske turistar som kom til Bergen og Stavanger frå framande hamner, 7.756 i 1902 og 9.317 i 1903. Turistane kom med ruteskip og «flytande hotell». I desse tala er ikkje dei mange utlendingane som har søkt vestover frå Kristiania, Trondheim og Kristiansand, rekna med.
Majoriteten av dei utanlandske turistane er framleis engelskmenn, om enn talet har gått litt ned. Etter dei møter tyskarane opp i stadig tettare skarar. Endå fleire kunne ein ha venta frå «das grosse Vaterland» viss hamburgerruta var ordna på ein meir behageleg og tiltalande måte.
«Som den nu er anlagt, er den lidet skikket som Turistrute», skriv meldaren.
Amerikanarane kjem òg med ein klekkeleg kontingent til den straumen av framande som kvar år slår inn over landet. Det gjer også franskmenn og hollendarar. Det kjem dessutan mange ungararar og austerrikarar.
Svenskar og danskar gjestar Noreg i stor utstrekking kvart einaste år, men dei held seg i det vesentlege på Austlandet.
Det har i 1903 vore besøk av fleire «flytande hotell» enn noko tidlegare år. Ein går likevel ut frå at turane neppe vil verta tekne opp att for enkelte av desse skipa. Dei gjorde eit forsøk i år, men det viste seg at turane gjekk med underskot.
Det er framleis fjord- og kystrutene på Vestlandet, i samband med Nordkappsruta, som har den største tiltrekkinga på utlendingane. På dei kjende turistsentera på Vestlandet er ein i år vel nøgd med besøket.
Berre for Odda har gjennomgangstrafikken vore mindre enn tidlegare. Det har sin grunn i dei store snømengdene på Haukelifjell som gjorde ruta seint farbar. Turiststraumen frå det austlege til det vestlege Noreg, og omvendt, tok difor vegen gjennom Valdres i høgare grad enn tidlegare.
Bergenske og Nordenfjeldske Dampskibe har hatt godt belegg på samtlege Nordkapp-turar; også Newcastle-ruta har hatt ei mengd passasjerar.
«Det viser sig mere og mere, at vort Turistlivs Sentrum bliver Nordfjord og Søndmøre samt Romsdalen. Geirangerruten staar overordentlig i Skuddet, navnlig hos Tyskerne» skriv signaturen «–t».
Det vert klaga frå «interesseret Hold» over at turistsesongen sluttar for tidleg her heime. Nokre meiner at dampskipa burde lengja turistrutene i alle fall til ut i september.
Det er liten tvil om at me – i alle fall med ein slik september som i år – kunne ha utvida sesongen omdampskipsselskapa hadde halde på turistrutene lenge, påstår «–t».
1902 Ι ÅRGANG 30
Ungdomslag i emning i Øystese
TEKST Håkon Norheim
Publisert 13. mai 2023
Ungdomslaget i Øystese har nyleg halde ein basar som var vellukka. Han skaffa både avveksling i arbeidet, moro og pengar i kassen, skriv signaturen «–g–» 3. mars 1902.
Føremålet var å samla inn pengar og danna eit byggjefond for eit komande ungdomshus i Øystese. Vil liknande tilstellingar lukkast like godt kvar gong seinare, vil ungdomslaget ha dei beste utsikter til å få seg eit hus om ikkje mange år, skriv skribenten.
Gåvene til basaren strøymde denne gongen inn rikeleg, så ein kunne halda basaren gåande tre kveldar i strekk. Resultatet vart eit nettoutbyte på 240 kroner. Det var ikkje så dårleg på landsbygda, skriv meldaren.
På den siste basarkvelden heldt redaktør N. Skaar føredrag for laget.
Også Fyksesundets Ungdomslag er i aktivitet. Det held møta sine i Fykse Skulehus. Men ein klagar over mangel på føredragshaldarar. Nyleg var redaktør Torg. Bu på Fykse og held føredrag, for fullt hus.
I det siste har vêr og føre gjort arbeid i skog og mark mogleg, men ungdomen har òg kunna driva «Sportslivet» med å skri på ski, kjelke og skøyter av hjartans lyst. Skøyesporten vert helst driven i Fyksesundet, og i vinter har isen lege tjukk og sterk heilt inne frå Botnen og ut til Fykse. Han har ikkje vore glatt og god, men til gjengjeld har han gjeve eit utmerkt framkomstmiddel mellom Botnagrenda, ytre sundet og Porsmyr. I vekevis har det vore køyrbar is i heile Fyksesundet. Ein har kunna setja seg i sleden på Botnen eller Flatabø og fyrst reisa seg opp att ved øysteselandet eller på Fykse.
«Sligt hører til Sjeldenhederne», skriv «–g–».
Gardane ved Fyksesundet har til no ikkje hatt spor av offentleg veg. No er det gjort ei byrjing for å avhjelpa dette tusenårige saknet. For nokre år sidan vedtok Øystese soknestyre å anleggja ein bygdeveg frå handels- og dampskipsstoppestaden Steinstø og innover på austsida av Fyksesundet til Fykse. Føresetnaden er at vegen sidan skal halda fram til Telstø, Grytenes og Klyve. Parsellen Steinstø–Fykse er kring halvferdig. Ein ventar med lengt på å få han ferdig, då samferdsla mellom den store garden Fykse og dampskipsstoppestaden, handels- og poststaden Steinstøhamn er svært livleg. Vegen er òg skuleveg for Steinstø grend, skriv skribenten.
1901 Ι ÅRGANG 29
Bokmelding: Bibelsoge på landsmål
TEKST Håkon Norheim
Publisert 12. mai 2023
Det er kome ei ny bibelsoge for folkeskulen frå I. A. Fjørtoft. Det skriv signaturen «O.H.» i Hordalands Folkeblad 2. mai 1901. Ho er på landsmål, oversett av Lars Eskeland og godkjend av kyrkjestyret. Boka er komen ut på F. Beyers forlag i Bergen.
«Alle som hev havt noko med undervisning i folkeskulen aa gjera, veit kor mykje det hev aa segja at maale i lærebøkerne ligg so nær inn til det livande maal som raad er; for fyrst daa vil borni gleda seg ved dei, og tykkja dei er heimslege og hugnadsame, og aaleine daa vil dei ha den rette nytta av dei», skriv meldaren.
Dette er ikkje minst om å gjera i religion, meiner O.H. Skal dei høgaste ting verkeleg verta levande for borna, må dei få høyra om dei på sitt eige morsmål, for berre det er godt nok til dette bruk.
«Men daa kan og religionstimarne vera noko med dei gildaste timar ein hev, og verta til sann og varig velsigning», skriv han.
O.H. skriv at det har vore gjort storleg urett mot borna på landsbygda på dette området. Forteljingane frå bibelsoga er noko av det som born kan gleda seg aller mest ved når dei vert borne fram til dei på deira eige mål, og som kan få det til å lysa opp i andleta deira som få andre ting, meiner han. Til no har dei måtta pugga inn forteljingane på eit framandt målføre, og gjerne kjent keisemd i staden for hugnad. Det er ikkje for tidleg at det no vert retta på dette, og godt er det at me no får skulebøker på landsmål, både i religion og andre fag, skriv han.
Mellom skulemenn har det, så vidt meldaren veit, berre vore éi meining om boka, og det er at ho er ei av dei aller beste og høvelegaste bibelsogene som finst for folkeskulen. Har ein vore glad i boka før vil ein ikkje verta mindre glad i henne etter at ho kom på landsmål, skriv meldaren, for han tykkjer landsmålsutgåva er like god som den andre. O.H. kjenner seg trygg på at borna vil verta glade i boka alle stader der dei får lov å bruka henne. Ho vil også verta ei god hjelp for lærarane når dei skal fortelja for borna, trur personen bak signaturen.
«Umsetjingi til landsmaal er reint framifraa, som ein kunde venta det av Eskeland. Forteljemaaten er lagd so nær inn til bibelen sin eigen som raad er, og maale fell so naturlegt, so mjukt og lagelegt, og syner seg aa vera sers høvelegt til aa bera fram sjølv dei høgste sanningar», skriv meldaren.
1900 Ι ÅRGANG 28
– Svineri som spreier tuberkulose
TEKST Håkon Norheim
Publisert 11. mai 2023
Spytting av skråtobakk på offentlege stader var eit utbreidd problem på byrjinga av 1900-talet.
Det skriv lokalavisa 4. januar 1900 i eit sitat frå Norske Intelligenz-Seddeler.
I tidlegare tider såg ein på spytting som ein uskikk som ein måtte venja veloppdregne born av med.
«I vore Dage bruger man stærkere Udtryk — man kalder Spyttingen et Svineri, en af de urensligste og hæsligste Uvaner, som skikkelige Folk idethele kan være sig bekjendt at ligge under for. Og hvad mer er, — nu ser man paa Spyttingen som det, den virkelig er, en af de letteste og hyppigste Maader til at udbrede Tuberkulosen og andre smitsomme Sygdomme paa.
Gjennem Spyttet, som man slænger fra sig paa Gulve, Trapper, paa Gader og Stræder, i Sporvogne og i Jernbanekupeer, føres Sygdomsbacillerne mest muligt rundt i Verden, — hvirvles op, naar Spyttet er tørret ind, og paaføres det størst mulige Antal Medmennesker.»
Nokre stader var det lyst til krig mot «Spytte-Svineriet». Det manglar statistikk over spyttinga i dei forskjellige landa.
«Men vi gjør neppe Norge Uret, naar vi siger, at det er et af de værste Spyttelande i hele Verden. Faar Folk først Øinene op for dette, er vi vis paa, at der ogsaa blir tat de nødvendige Forholdsregler mod Ondet», skriv avisa.
I Paris har ein komité innstilt på at dei viktigaste gatene og offentlege etablissementa skal få skilt med påskrifta: «I Befolkningens Interesse og for at hindre Udbredelse af smitsomme Sygdomme anmodes man om ikke at spytte paa Fortouget.»
1899 Ι ÅRGANG 27
Knipen på vatnet
TEKST Kjellaug Camilla Skaar Ljones
Publisert 10. mai 2023
10. november 1899 ynskte ein lesar av Søndre Bergenhus Folkeblad å dela ei historie han hadde fått fortald av ein sannferdig mann. Innlegget er signert «L.F.»og ber tittelen «Brennevin – men ikkje vatn». Soga fortel om to menn som er på heimveg til Hardanger frå Bergen med sluppen sin. Når dei kjem til Brattholmen, er det naudsynt med ein matpause og ein kaffitår, men så er dei tomme for vatn.
«Ein draape kaffivatn fær ein vel sagtens upp i land, tænkte eg. Tok eg so ein pøs og rodde iland, og med pøsen i handi rusla eg inn paa butikken og spurde, um dei vilde lata meg kaffivatn.»
Sveinen som står i butikken, svaraa at det finst ei kjelde ovanfor husam der mannen kan forsyna seg med vatn. Men når den kaffityrste mannen finn den omtala kjelda, konstaterer han raskt at vatnet ikkje er «havande: det var rote og slime». Då går turen ned att til sveinen i krambua for å spørja om han har tilgang på «likare» vatn. Etter å ha tenkt seg nøye om, seier sveinen at det finst ein spring i kjellaren og at mannen kan få «taka ein liten skvett i pøsen sin». Når halve pøsen er fylt, kom husbonden, ein byrg herre, skjellande og trugande, ned trappa og skrur att kranen. Den halve pøsen med vatn må han slå ut. Han ruslar til sist om bord att med inkje.
L.F. oppsummerte slik: «Dette fortalde mannen meg, og eg tykte det var so karakteristisk, at eg maa fortelja det til fleire. For einkvar veit, at der er eit anna «vatn», som er lettare aa faa i Brattholmen; men lat han berre hava det ogso. Bed han ikkje um det; for greidde mannen seg den gongen utan kaffivatn, so greier me os sagtens utan det andre «vatne».»
1898 Ι ÅRGANG 26
Misnøgd med lensmannen
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 9. mai 2023
Ingenting var gjort med vegen på garden Kvitne i Indre Hardanger etter at eit ras råka han tre år tidlegare. Det skreiv «s.k.» i lokalavisa 17. juni. Vedkomande var ikkje nøgd med innsatsen til lensmann Aga, som ifylgje lesarbrevet skulle ha fått ei løyving på 50 kroner til å setja vegen i stand.
«Det hev nok gjenge i gløymeboki hans, so eg no lyt minna han paa, at folket er ikkje hjelpne med ingen veg», skreiv «s.k.» i lokalavisa.
Skredet var ifylgje skrivet 40 meter breitt og to meter høgt. Skribenten hadde ikkje mykje tru på at 50 kroner ville halda, men var mest oppteken av at arbeidet måtte koma i gang snart. Når folk kom med krøter, måtta dei «valsa um i aaker og eng, fyr aa koma yver».
Skribenten trur ikkje lensmannen hadde lika det om dette gjekk føre seg på hans eigedom.
1897 Ι ÅRGANG 25
Fall gjennom isen
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 7. mai 2023
Tre born fall gjennom isen ved Lilandsoset nær Bulken på Voss. Dei tre – to jenter og ein gut – var sysken. Folk som høyrde rop om hjelp, kom til staden, men dei fyrste hadde ikkje utstyrt seg for å berga nokon. Snart kom andre til med stenger og stigar, og dei lukkast med å berga to av borna opp av vatnet. Den tredje, ei jente, hadde sokke og vart fyrst funnen noko seinare. Gjenoppliving var nyttelaust, opplyste lokalavisa 21. desember.
I same nummer fekk folk vita at gardbrukar Sjurd L. Øistesø var død, kring 75 år gamal. Han var ein stille, men dugande, praktisk og heiderleg mann som var høgt akta i grendene, ifylgje lokalbladet.
Også Steingrim Sandven hadde fare, 72 år gamal, etter ei tids sjukdom og lidingar.
1896 Ι ÅRGANG 24
Tok ansvar for referatet
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 6. mai 2023
Allereie i 1896 kunne det verta sjau om ikkje lokalavisa dukka opp i alle krikar og krokar på nasjonaldagen. I alle høve tok «I.Ø» ansvar ein månad etter nasjonaldagen, sidan feiringa i Jondal ikkje hadde vore omtala.
«Folk kan tro, at dagen forsvandt uden fest og pryd her i Jondaal. Naar ingen andre har fortalt noget om, hvordan vi havde det, vil jeg forsøge at gjøre det, hvis De hr. redaktør vil give meg plads for nogle ord», skreiv avsendaren i Søndre Bergenhus Folkeblad 19. juni 1896.
Rapporten opplyste at folk var samla i festklede under fanene klokka 15 for å gå i prosesjon til Jondalsleite. Etter ein stopp og eit par fedrelandssongar bar det ned att til møteplassen, der folk samla seg kring talarstolen. Lærar Færevaag heldt hovudtalen for dagen. Andre tok føre seg eidsvollmennene og fedrelandskjærleiken, for sjømennene, for kvinnene (den jobben tok ein mann) og for handsverksstanden. Etter litt leik og klatring vart stunda avslutta med eit par mororsame skodespel.
«Den skjønneste orden herskede hele tiden, og folk morede sig fortræffelig», opplyste «I.Ø.» i lokalbladet.
1895 Ι ÅRGANG 23
Nasjonaldagen
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 5. mai 2023
Nasjonaldagen
I motsetnad til i dag kom avisa ut på nasjonaldagen i 1895. Nasjonalskald Bjørnstjerne Bjørnson fekk æra av å pryda framsida med eit dikt i høve den store dagen. Fyrste vers lyder slik:
«Wergelands-statuen syttende majtogene hilste.
Og som det siste,
takt-fast og langsomt,
arm i arm mænnene, kvinner med blommer,
bønderne kommer, bønderne kommer.»
Lokalavisa kunne elles melda at landhandlar Hans Utne på Lofthus hadde avgått ved døden, cirka 65 år gamal, etter at han hadde vore sjuk i eit par månader. Dødsårsaka vart utbrodert. Landhandlaren fekk fyrst på beinet, seinare på halsen, ondarta byllar som voks, førte til puss og gav mannen feber. «Det gik, som man siger, «over i Blodet» og forgiftede tilsist saaledes hans hele Legeme at det kostede ham Livet.»
1894 Ι ÅRGANG 22
– Stilhed uden lige
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 4. mai 2023
Det hende ikkje så ofte at ein fann stoff frå Strandebarm i lokalavisa, skreiv ein ukjend skribent under tittelen «Fra Strandebarm» i Søndre Bergenhus Folkeblad 23. november. Han var likevel ikkje kritisk til prioriteringa til bladstyraren, «for her er en Stilhed uden Lige og en politisk Slappelse, som er større end stor», slo avsendaren fast, før han hoppa over til ein politisk analyse av valet. Etter litt turbulens i veljarmassen før valet enda det meste om lag som før, meinte skribenten.
I same nummer baud avisa på spaning i form av «En Kentucky historie» med tittelen «Død eller levende». Ein passasje her hadde temmeleg sikkert ikkje kom på prent i 2023:
«Han havde været en formuende mand i slaveriets dage og eiede blandt anden eiendom en neger, der var saa sort som spader es, hed Martin og var en i alle dele fortræffelig fyr.»
1893 Ι ÅRGANG 21
Frisk, men svekt
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 3. mai 2023
I spalta «Forskjelligt» kunne ein under tittelen «Høi alder» lesa om nettopp det. På garden Flatekvaal på Voss, om lag fem kilometer frå Vossevangen, levde ei enke som heitte Gjertrud. Ho var fødd 15. september 1788 og hadde fylt 105 år.
«Hun er taalelig frisk, men meget svekket», kunne lokalavisa opplysa 29. september 1893.
1892 Ι ÅRGANG 20
Misnøgd med dampskipsruta
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 2. mai 2023
«Th» kom 17. mars 1892 med ei oppmoding til «direksjonen» i Hardanger-Søndhordlandske Dampskibsselskap (HSD): Dampskipa som gjekk innover fjorden, burde vera innom Herand også på laurdagar og totalt tre gonger i veka, i staden for dei to som stod i ruta. Samanlikna med andre stoppestader i fjorden var det ikkje spesielt låg trafikk i Herand. Sidan 1870-åra hadde trafikken auka monaleg, noko som spegla seg i fleire, større og meir komfortable skip i HSD, meinte skribenten.
«Th» gjorde merksam på at oppmodinga ikkje berre var hans eller hennar, men «fra hele bygden».
«Som det nu er, er det ofte forbundet med ikke så lidet vanskeligheter at gjøre en snartur til Bergen.» Om ein til dømes reiste til Bergen ein onsdag, fekk ein det anten travelt og måtte reisa heim att torsdag, eller ein måtte venta heilt til måndag. Hoppa ein på skipet som gjekk laurdag, måtte ein gå av anten i Jondal eller Øystese. Frå båe stader var det 11 kilometer på sjøen til Herand, og frå Øystese måtte ein kryssa fjorden, påpeika avsendaren.
«Desuden vil en saadan baadskyds ofte koste ligesaameget, som man betalet for billet lige fra Bergen og til nævnte steder. Man skal ogsaa huske paa, at for det meste er bønder, som reiser, og for dem, som surt maa slide for hver eneste øre, er ogsaa 2–3 kroner – jeg havde nærsagt unødvendig baadskyds – penge.»
«Th» minte om at Herand hadde to–tre landhandlarar som fekk varer annakvar veke. Om dei vart sende med laurdagsbåten, måtte dei «valse rundt hele Hardangerfjorden» før dei kunne koma til Herand på måndagen.
1891 Ι ÅRGANG 19
Soving, røyking og spytting på golvet
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 1. mai 2023
«En Lærer» ottast hygienen i folkeskulebygga der lærarar underviste elevar i heile landet, men særleg på Vestlandet. I eit lesarinnlegg 30. oktober meinte han at det var risiko for at lærarar og elevar kunne «tabe sin Sundhed». Han ville ropa eit varsko.
Læraren påpeika at skulehusa vart nytta til ymse offentlege møte. Folk pakka seg inn og lufta vart dårleg. Somme tok seg ein lur og andre røykte, og mange spytta på golvet og lét «lærer og elever saa nyde følgerne». Golvet vart nemleg ikkje vaska etterpå om ikkje møtet var på ein laurdag, noko som var sjeldan. Hadde dei vorte vaska, og hadde det berre vore friske folk som grisa til huset, hadde det ikkje vore noko å «gjøre kvalme over». Men dette var ikkje tilfellet, ifylgje skribenten. Møta var opna også for dei som bar smittsame sjukdomar, til dømes tuberkulose. Når spyttet deira tørka, kom det i lufta og vart inhalert av lærarar og elevar. «Gud naade oss, hvis ikke vore lunger er herdede». Med slike tilhøve var det soleklart at tæringssjuka ville spreia seg, meinte læraren.
Løysinga var ikkje å forby møte, nekta sjuke tilgang eller ikkje grisa til lokale – til det hadde folk for lita danning –, men at røykjarane ikkje tok med seg skråtobakken og i alle fall ikkje spytta. Spyttet er ei avføring som ingen bør koma i kontakt med, meinte læraren. Oppskrifta på betre hygiene var at styret for og tilsynet med husa sytte for reingjering før bygga skulle nyttast til skule. Også vegger og tak burde vaskast oftare enn kvart femte eller tiande år, som var vanleg.
«Det er intet mindre end at gjøre det ydre ved skolen behageligt og sundt for oss, medens det blir os lærere, som skal gjøre det indre lyst og opmuntrende for børnene.»
1890 Ι ÅRGANG 18
– Som eit stoveur i Herand
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 29. april 2023
Under tittelen «Fra Herand» slår «Th.» 13. mars fast at det er lite å lesa i avisene frå nettopp Herand, men at det er logisk ettersom det sjeldan er noko nytt å melda der. «Alt gaar så regelmæssigt og stødt som eit gammelt stueuhrs klikken», slo skribenten fast.
Sambygdingane brydde seg ikkje ein døyt om kva som hende andre stader, og ville helst ha ei lita verd for seg sjølve – «ubesmittet av kulturens dræbende gift», og kanskje var det best slik, meinte «Th». Det var ikkje slik å forstå at Herand lukka døra heilt; ein opna henne på glytt for å sleppa inn ein liten pakke aviser – «men dermed punktum».
Freistnader på å få i gang debattmøte hadde ein hatt i bygda, med godt resultat. Temaet på det fyrste møtet, leia av «Stud. Sætveit», var om det er rett å stengja seg ute frå nye og moderne tankar, elles om det rette er å fylgja med, velja og forkasta. Dei fleste meinte at kunnskap var eit nyttig og naudsynt gode, medan det var meir delte meiningar om lesing.
Bøker med for mykje fritenking kunne føra ein ut på skråplanet, hevda somme, medan andre meinte det var bra å verta meir sjølvstendig og myndiggjord. «Skulde man kunne motarbeide onde og stygge tanker, måtte man først lære dem at kjende. Flertallet fant dog avstængningstanken god og nødvendig, og hevdede sensur», opplyste «Th.»
1889 Ι ÅRGANG 17
Litt om vêret
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 28. april 2023
Vêr var godt stoff allereie i 1889. Ifylgje ein rapport i avisa 25. april hadde det for det meste vore ein sur og kald vår der «Sne og Is endnu paa mange Steder dækker Marken næsten helt ned mot Sjøen».
Ein fin vår kunne ein såleis ikkje rekna med, sjølv om «Smaafæet» her og der var sleppt ut. Andre stader stod dyra framleis i fjøset og tærte på fôrlageret, som truleg ville verta magert hjå mange bønder som fylgje av uåret året før.
«Noken videre Vaaraan er endnu ikke paabegyndt heromkring. Igaar og idag har Veiret været noget mildere», skreiv lokalbladet.
1888 Ι ÅRGANG 16
Gjekk opp i røyk
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 25. april 2023
Nær sagt ingenting av innbu eller reiskapar vart berga i ein brann på ein fjellstøl ovanfor Fitjadalen. Eit par stølshus tilhøyrande «Østensjømennene» gjekk med i brannen.
For tida vart husa nytta av Jakob Lillelid frå Bodø, som hadde geiter i området.
Dette rapporterte Søndre Bergenhus i den faste spalta «Forskjelligt» 28. juni 1888.
1887 Ι ÅRGANG 15
Seig smale
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 22. april 2023
Under overskrifta «Seiglivet dyr» omtala lokalavisa 24. mars 1887 at fleire personar nokre dagar tidlegare hadde treft på ein sau i utmarka på garden Skaar. Sauen hadde klara seg sjølv heile vinteren utan menneskeleg hjelp eller tilsyn. Dyret høyrde til på ein grannegard.
Teorien til skribenten – eller ikkje oppgjevne kjelder – var at sauen truleg ikkje kom seg heim om hausten som fylgje av ei stor elv. Dimed måtte han finna eit vinterkvarter under nokre store steinar mellom 1.200 og 1.400 fot over havet.
«Hvorledes Dyret har kunnet berge Livet er ufatteligt, thi uagtet den usedvanligt milde Vinter har der dog ligget ikke ubetydeligt Sne saa langt op i Liderne lige fra November Maaneds Udgang og til den Dag idag. Dyret var magert, men ikke egentlig udsultet og befinder sig fortiden i bedste Velgaaende», rapporterte Søndre Bergenhus Folkeblad.
1886 Ι ÅRGANG 14
Veg til Steinsskogen og dynamitt
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 18. april 2023
Ordførar Lars Lofthus kalla inn til heradsstyremøte i Vikør i skulehuset på Lundanes 4. juledag klokka 10, kunne ein lesa i Søndre Bergenhus Folkeblad 16. desember 1886.
På saklista stod mellom anna val av medlemer til skulekommisjonen, boksamlingsstyrar og heradsrevisorar, løyvingar til fjøskyr, løyving til «Steinsskogsvegen» (veg til Kvamskogen) og tilsetjing av og løn til bygdevektar. Bygdevektaren var ein offentleg tilsett ordensbetjent som jaga vekk fantar, omstreifarar og tiggarar frå stader der dei ikkje høyrde heime.
Nokre av sakene kunne folk koma og lesa hjå ordføraren.
Same dagen averterte Østensø Forbruks- og Handelsforening omnar, omnsrøyr, vassrøyr og «Hakkelsemaskiner» til «Bergens Priser», og ull, skinn, smør og kjøt til «Dagens Priser». Og: «Dynamit haves også paa Lager.»
1885 Ι ÅRGANG 13
– Et lapskausen din i einsemd!
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 12. april 2023
Sjølvaste julaftan i 1885 kritiserte I.E. Maakestad eit tidlegare innlegg i Søndre Bergenhus Folkeblad. Forhistoria var at avsendaren, som kalla seg ein «Tiendender», hadde vore innom pastor Riddervold for å betala si tiend til kyrkja. Pastoren fekk i den samanhengen kritikk for å ha brote med ein gamal, god skikk som gjekk ut på at presten serverte skattebetalaren øl som takk. Skikken medverka til å sikra eit visst kameratsleg tilhøve mellom kyrkja og mennene i kyrkjelyden, meinte skattytaren, som skildra hendinga slik:
«Han modtog sin Tiende i Begyndelsen av denne Maaned, men det hele gik for sig som en simpel, stiv Forrretning, uden Tegn på nogenslags Trang til ad vise Yderne Opmærksomhed eller en Smule Gjæstfrihed. Det gamle, kjendte «Sølvtøj», som saa mange Præster i Ullensvang har hat en ære i at kunne byde Bygdefolket en læskende Drik af, var nu ikke at se.»
Avgiftsytaren meiner den stramme lina ikkje kunne skuldast eit fråhaldsprinsipp, og synest presten burde ha traktert gjestene med «en Draabe Hardangerøl».
Etter Maakestad si meining hadde skribenten utlevert dei private tilhøva til pastoren – eller servert litt lapskaus, som han uttrykte det. Han rådde skribenten til i framtida å «spise sin Labskaus alene, thi den lugter så ille, at vi andre maa være fri for mere av denslags kost». Tidendbetalaren var ein uforskamma knekt, slo Maakestad fast.
«Han har tydeligvis været tørst, Manden, og saa har han glædet sig i Haabet om at faa en Slurk Øl af Præsten. Donner Wetter, hvor godt det skal smage, har han tænkt. Men Pastor Riddervold har desverre ikke været Menneskekjender nok til at skjønne, at «Tiendenderen» var saa gudsjammerlig tørst! Og Hr. Tiendender har vel skammet sig for at fortælle det. O, hvilken rædsom Gru det maa have været for « Tiendenderen» at skuffes i sit store og skjønne Haab», skreiv Maakestad, og heldt fram: «Skal vi tale Alvor, saa lad os blive enige om at takke Hr. Riddervold, fordi han har brudt med en gammel Uskik, som kanskje har staat i en vis Sammenheng med Drikketrafikken i Bygden.»
1884 Ι ÅRGANG 12
Til himmelen mot betaling
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 6. april 2023
Kor mykje skal ein prest ha for å utføra ei vigsle? Dette spørsmålet vert ivrig diskutert «blandt folket», hevda signaturen «S.» i Søndre Bergenhus Folkeblad 26. juni 1884.
Bakgrunnen for debattinnlegget var at ein prest nokre dagar før hadde vigt tre brurepar. Han tok 24 kroner per par. Dette meinte «S.» var drygt. Presten fekk difor tilbod om 12 kroner paret, men denne summen nekta presten å akseptera. Pengane spela ei for stor rolle i kyrkja, meinte vedkomande, som spurde om prestane la meir vekt på kronene enn på kallet.
«Ser man hen til geistlighedens menigheds- og sjælepleie overhoved, saa finder man overalt det samme: betjening for – betaling. Præsten kaldes jo «sjælesørger». Men kan dette være nogen sjælesørgergjerning, at udhøkre Guds riges gode ting for kroner og ører efter den nøieste beregning? Skal man have et barn til daaben, saa er det – penge. Skal man have sin kone til kirkegang, saa er det penge. Ved konfirmation og lignende leiligheder spørs det ogsaa om penge. Skal man have ligtale over en afdød, saa skal der fremdeles penge til. Det ser ud med hensyn til det sidstnævnte, at jo bedre man kan betale, des bedre har man levet og des saligere blir man.»
Avsendaren hevda at mange vart «pris salig på sin grav» som presten eigentleg rekna med ville enda i helvete, om det berre vart betala godt nok.
1883 Ι ÅRGANG 11
Laksefiske enda i tragedie
TEKST Mari Ulvund
Publisert 30. mars 2023
Ein person måtte bøta med livet då to strilar fekk laks i nota.
Det kjem fram i eit innlegg frå Kvinnherad stuve til Hardangeren 20. juli 1883.
I fleire år var det to strilar på garden Kalven i Kvinnherad. Dei dreiv med eit ikkje ubetydeleg laksefiske. Ein dag var dei to fiskarane ute for ei ulukke. Medan den eine sat og heldt eit auge med laksen sine rørsler, låg den andre klar med båten, klar til å gripa fatt i fangsten.
Det var då det kom to store laksar i nota, at det heile gjekk gale. Han som låg i båten, skal straks ha snørt nota saman. Men medan han hala i tauet, som var gamalt og utslite, rauk det. Og verre vart det.
«Den stakkels Stril styrtede baglængs paa Hovedet i Sjøen. Men nu hadde ikke han, som var iland, Baad til at komme sin stakkels Kollega til Hjælp med. Han maatte da Hjem til Gaarden efter Folk og Baad.»
Då mannen på land kom tilbake, var det altfor seint. Strilen hadde drukna.
1882 Ι ÅRGANG 10
Klaga på udugeleg kommisjon
TEKST Bård Valvatne
Publisert 20. mars 2023
I 1880-åra hadde ein ikkje nettroll. Eit og anna småtroll kunne likevel dukka opp i avisspaltene. Då Vikøy skulekommisjon tilsette ny lærarvikar, var ikkje alle samde i valet. Ein innsendar som berre signerte med «A», skreiv i eit innlegg 2. mars 1882 at kommisjonen nytta alt anna enn kvalifikasjon som grunnlag for tilsetjinga.
«For Folk med almindelig Begavelse kunde en Sag som denne synes grei nok, da de Ansøgernes vedlagte Vidnesbyrd jo burde være det afgjørende. Men Skolekommissjonens sindige Flertal fandt ogsaa her Ting, der gjorde Sagen mere tvetydig», skriv A.
Kommisjonen var nemleg oppteken av økonomien til søkjarane, og meinte at den som trong jobben mest, skulle få den. Berre soknepresten og ein annan person var usamde i valet, men dei måtte gje etter for fleirtalet. Jobben gjekk til ein søkjar som hadde dårlege karakterar, men var arbeidslaus og trengande, hevda «A».
«Hvem vil imidlertid benægte, at Kommissjonen har handlet klogelig? Ser det ikke noksaa gemytligt ud, at Skole- og Fattigkasse undertiden rækker hinanden Haanden? Aajo, jeg skulde mene, især naar det sker paa Skolens Bekostning.»
«A» lurer på kva som blir det neste. «De Dage kommer vel ogsaa, da kommisjonen finder Pukkelryggethed at være en god Egenskab ved en Lærer.»
1881 Ι ÅRGANG 9
Timoteistrået som tok liv
TEKST Bård Valvatne
Publisert 15. mars 2023
Spalta «Forskjelligt» går att i mange utgåver på 1880-talet. 16. juni 1881 inneheldt spalta nettopp litt forskjellig:
• Frukttrea blømer fint på dei fleste gardane i Sørfjorden, og «man nærer nu Haab om et nogenlunde godt Frugtaar».
• «Fru Ole Bull med Familie er ankommen til Bergen fra Amerika for at tilbringe Sommeren paa Lysøen.»
• Avnittet «Et Halmstraa som Dødsaasag» handlar om ein godseigar i Ørebro som i slutten av april tygde på eit timoteistrå medan han leika med born. Plutseleg fekk han akset til eit av stråa i luftrøyret. «En voldsom Hoste indfandt sig, men Pirringen avtog snart, og han kunde vende til sit Hjem.» Betringa skulle ikkje vara. «Nat til Lørdag begyndte i Lungene en Materiedannelse i Forbindelse med Hoste. Henimod Midnat indtraadte en svær Blodstyrtning, der endte hans Liv.»
1880 Ι ÅRGANG 8
Krangla om veg mellom Norheimsund og Vikøy
TEKST Bård Valvatne
Publisert 6. februar 2023
Den lokale vegstandarden var eit aktuelt tema også på 1880-talet. 9. januar skreiv avisa at Vikøy heradsstyre hadde møte 27. desember. På saklista stod mellom anna veg mellom garden Sandven i Norheimsund og Vikøy hovudkyrkje. Saka hadde vorte drøfta på fleire tidlegare møte, men vorte utsett.
O. S. Aksnæs foreslo at vegen skulle verta offentleg bygdeveg og underlagd «vegstyrelsen» i amtet.
A. Lid gjorde det klart at han ville stemma mot eit slik forslag. Årsaka var økonomi. «Skattebyrden var alt for meget svær, og Tiderne trange. Sognet var dessuten i Gjeld og den burde man først betale ud, før man indlod sig paa nye dyre Foretagender.» Lid meinte difor at saka burde utsetjast inntil vidare.
Aksnæs var samd i at det var tronge tider, men meinte det kunne vera lurt å byrja førebu arbeidet. «Medens Veiarbeidet forberedes, og 1 eller et par Aar gaar gjerne med dertil, saa kan jo Tiden bedres», hevda han.
Han meinte det var heilt naudsynt med veg mellom Norheimsund og Vikøy, sidan det var mykje ferdsel i området og stien ikkje var trygg. «Den Sti der nu findes, har kostet adskillige Kreaturer livet og endog brakt Mennesker i fare.»
Lid hadde eit lite håp om at Vikøy Sparebank ville gje vegarbeidet eit rentefritt lån. Vart det noko av lånet, kunne arbeidet byrja straks. Etter ein del diskusjon vart forslaget til Aksnæs forkasta med 5 mot 3 stemmer. Etterpå vart forslaget til Lid «ensstemmig bifaldt».
1879 Ι ÅRGANG 7
– Vårflaumen kom seint i år
TEKST Ragnhild Økland Børven
Publisert 6. februar 2023
I utgåva 12. juni i 1879 skriv Søndre Bergenhus Folkeblad om årets vårflaum. Flaumen kom ifylgje notisen seint dette året, og så kom han også usedvanleg sterk.
Varmen på mellom 22 og 25 grader som herja veka før pinse, gjorde til at det i heile Noreg var såkalla «Snegang» – alle elver flauma plutseleg over sine breidder.
Det står at det kom betydelege skadar mange stader i landet. Fleire bruer var skylte vekk – også tre bruer over Eidfjordelva. Dessutan vart vegar øydelagde. Åkrar fløymde over, vart tilgrisa og vart tekne av vatnet. Hus velta «m.m.»
1878 Ι ÅRGANG 6
Frå Steinsdalen
TEKST Ragnhild Økland Børven
Publisert 6. februar 2023
«Steinsdalen maa vel ansees som Kjernen af Vikør Sogn», står det i Søndre Bergenhus Folkeblad 31. januar 1878.
Saka er signert med initialane S. A. I byrjinga av artikkelen står det at vedkomande føreset at det sjølv i ein vid lesekrins finst dei som ikkje har kjennskap til den nemnde dalen. «Saadanne skal jeg gjøre en tjeneste ved i Korthed at beskrive den lidt nærmere.»
Slik vert Steinsdalen skildra:
Dalen strekkjer seg mot vest frå Norheimsund og har ei lengd på kring ei halv mil. Braket av Øvsthusfossen sitt skummande fall når øyra dine allereie før du har kome opp i den eigentlege dalen.
På begge sider vert Steinsdalen verna av høge fjell og lier, men også dalen sin storarta natur byr på eit prektig syn. På begge sider av den såkalla Steinsdalselva «der gjennemrinder Dalen i mange Krumninger», ligg ein heil del vakre gardar. Bebuarane er tilgodesett med mange fordelar som dei dei andre delane av Kvam ikkje har.
«Det skal ogsaa siges, at disse Folk forstaar at gjøre Brug af de lokale Forholdes gunstige Omstændigheder», står det.
Steinsdalen er forsynt med to vakre, tidsmessige skulehus som også vert nytta som samlingsstad og lokale for dei talrike møta som vert haldne der. Det er nemleg oppretta ei «Ynglingeforeining». Føremålet er å opplysa og danna ungdomen for å gjera ungdomane i stand til å løysa vanskelege oppgåver i verda. Medlemene i foreininga, saman med andre som interesserer seg for det same, kjem saman i eit av skulehusa for å snakka om eit eller anna emne. Slike møte er det ein gong i veka.
Ynglingeforeininga tel «henimod» – nær – femti personar. For pengar som kjem inn, vert det kjøpt inn bøker, tidsskrift og anna. Stundom er det diskusjonsmøte. Diskusjonsmøta har vore nyttige og interessante, står det i artikkelen. Dels fordi diskusjonane gjev resultat, dels på grunn av «den Livlighed hvormed der debatteres».
Forfattaren av artikkelen skriv at det som har gjort møta meir interessante den siste tida, er at ein ung student har varta opp dei frammøtte med ein del «belærande» føredrag som utvilsamt må karakteriserast som «grundkristelige og almenfattelige».
Det siste føredraget var så forståeleg at sjølv gamle kjerringar måtte forstå det.
«Jeg tror, at den folkelige Vækkelse, som gaar over Landet, ogsaa er naaet hertil. Steinsdølingerne, navnlig da Ungdommen, søger efter Evne at komme med.»
Nede i «Norheimsundet» derimot, meiner skribenten at pietistane spela hovudrolla. Han tilstår å ikkje ha «meget tilover for dem». Deira ufordrageligheit mot annleistruande er kjend, meiner han. «Samtidig som de søger at indprente i Folk sine sygelige religiøse Prinsiper, prøver de paa at fremme sine politiske Formaal, ligesom de gjerne optræder stridslystne ligeoverfor andre kirkelige Retninger inden Statskirken. Disse Feil er ikke begrundede i en eller anden Tilfældighed ved Retningen; men det Overmod og den Dømmesyge, som gjerne ledsager den, synes at være dens Grundeiendommelighed.»
1877 Ι ÅRGANG 5
Ny redaktør i Hardangeren
TEKST Ragnhild Økland Børven
Publisert 1. januar 2023
I den 29. utgåva av Hardangeren, utgjeven 24. juli 1877, vart det skrive at avisa frå september same året skulle koma ut under friskulelærar Nils Skaar sin redaksjon. Ei større utviding av bladet – «uden Forandring i Prisen» – var planlagd.
«Den nye Redaksjon vil iøvrigt gjøre sig Flid for, at Bladet kan indeholde de vigtigste inden- og udenlandske Nyheder i kort og letfatteligt Sammendrag, hvorhos det skal staa aabent for enhver ordentlig Diskussion og Meningsudtalelse», heiter det i utgjevinga.
Den 4. september tok Nils Skaar, tippoldefar til noverande dagleg leiar, over. Eit folkeblad måtte etter hans meining leggja seg så nær som mogleg det daglege liv, og etter evne delta i handsaminga av spørsmål som dukka opp.
Om redaksjonsskiftet ville medføra endringar i innhald og haldning, fekk tida visa, skreiv Skaar i si fyrste sak. Han opplyste lesarane om at avisa ville verta «i det væsentligste uforandret», men det var likevel eit par småting han ville gjera lesarane merksame på. Han kom til å fortelja om tildragingar og forhold i utlandet, kanskje til dels heime også, og ynskte at det skulle verta oppfatta så einfaldig og forståeleg for «den ulærde mand» som mogleg. Bladet sine meir opplyste lesarar, som kanskje ynskte desse sakene meir vidløftige og grundige, måtte ikkje ta det ille opp.
I 1882 flytta Skaar til Norheimsund. Der bygde han seg hus og starta boktrykkjeri. I dag bur dagleg leiar i Hordaland Folkeblad, Kjellaug Camilla Skaar Ljones, i det same huset.
1875 Ι ÅRGANG 3
«Smalemerkje» og språkforvirring
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 1. januar 2023
Hardingane kunne «rosa seg av» ei ny bok i ein ny sjanger frå prenteverket i Ullensvang. Emnet var relativt smalt, men likevel var utgjevinga svært gagnleg, skreiv Hardangeren torsdag 24. juni 1875. Boktittelen var «Fortegnelse over Smale-mærker i Strandebarm med tilstødende Sambeitnings-Distrikter osv.»
Ifylgje lokalbladet var det nemleg ikkje reint lite styr om hausten som fylgje av framande sauer i smaleflokkane som kom heim frå beite. Med den nye boka i hand ville det verta lett så få oversyn over kven dyra tilhøyrde.
Sjølv om bladet meinte at boka var til bate, mora redaksjonen seg samstundes litt over at ho var «skrivi i eit nyt Maal, som vel ingen i Verdi har skrivet, snakt, hørt eller leset fyr».
«Eg har då inkje fyrr set ei so morosam Blanding av Norsk, Dansk og norske Ord med dansk form elder danske Ord med norsk Meining. Det er som ein rutete Vev, der summa Ruter er rauda, summa svarta, men summa baade rauda og svarta.»Der er «Bjor» og «Skaar» og «Styvt» og «Skjeringelek» og «atti» og «atteni»; men so kjem der «Hul» og «Svale» og «foran» og «høire Øre».»
Bladet spør om ikkje lesaren kjem til å «storskratta» av tanken på å gje grannen fylgjande skildring av smalemerket: «En Svale i høire Øre og et Hul i venstre samt en Bjor atteni venstre Øre.» Bønder som er mot målsaka, kan ifylgje redaksjonen no spegla seg i boka og innsjå at det finst ting som ikkje lèt seg skriva om på dansk bokmål. Om ein hadde skildra eit merke med «Svale i det høire Øre» til ein danske, ville han ifylgje lokalavisa truleg ha spurt: «Hvadbehager? Bygger Svalerne Reder i Faarenes Ören i Norge?»
Bladet spør kvifor ikkje boka kunne vore skriven på norsk, og spekulerer i at det kan skuldast otte for dårleg sal i Danmark. «Det vilde vel vera illa, um me med eit slikt Verk vilde stengja os ute fraa Samarbeidet med Danskarne?» «Eller kanskje der var Faare fyre, at Boki, um ho var paa norsk, kunde hava vant Folket av med «Kultursproget», so dei inkje forstod Bispen, naar han preikte eller katekiserte paa Kyrkjegolvet? Ja, svar, kveim som kan!»
Redaksjonen opplyste elles at det hadde regna vel mykje før jonsok, og at at kong Oscar II hadde kome heim til Sverige og oppløyst interimregjeringa.
1874 Ι ÅRGANG 2
Skog, foto, lirekassar og fattigfolk
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 1. januar 2023
Brynjulv Utne hadde skog til sals, kunngjorde han i Hardangeren 15. oktober 1874. Større og mindre furu- og eiketre var å få kjøpte på Tjoflot.
Den same dagen gjorde fotograf I. Johannesen det kjent at han hadde planar om å koma til Hardanger innan 14 dagar og halda seg i nærleiken av Lofthus. Han kunne ta på seg alt arbeid knytt til fotografering.
Bergensarane lyste ivrig ut varer og tenester i lokalbladet i Hardanger. I Bergen kunne ein sikra seg mellom anna jarnarbeidet til eit nytt, 14-tommars ankerspel, prima svensk bek og tjøre, og stearinlys i kassar med 25 pakkar. Dessutan var det høve til å få reparert trekkspel og lirekasser.
Fattigvesenet ynskte å plassera Asbjørn Larsen Tokheim og Gunder Larsen Laate til pleie. Dei som kunne ta imot ein av dei, kunne melda seg til «nærmestboende» medlem av fattigkommisjonen eller hjå fattigforstandaren.
1873 Ι ÅRGANG 1
«Der er kommen en ny Tid»
TEKST Sigbjørn Linga
Publisert 1. januar 2023
Laurdag 27. desember 1873 kom den fyrste utgåva av Hardangeren, som Hordaland Folkeblad heitte den gongen. Abonnementet kosta 40 skilling i halvåret, men 48 om ho skulle sendast med posten. Lysingar – «bekjentgjørelser» – vart tekne inn mot «billig betaling».
Under tittelen «Til Læseren» skriv utgjevaren om bakgrunnen for utgjevinga:
«Idet «Hardangeren» med dette Nummer begynder en ny Række, giør den det i det Haab at den nu skal blive stadigere end sidst; thi nu har den sat Foden paa Hjemmets Grund. Det vil dog ogsaa nu afhænge meget af, hvormange Læsere den faar, om den skal kunne holde længe ud. Skulde man i midlertid dømme efter de talrige og ivrige Forespørgsler efter Bladet, som Redaktionen har modtaget, siden dets Udgivelse blev bebudet, saa maa Trangen til det ikke være liden, og det er ganske rimeligt. Man er nu vant til gjennem Aviserne at se behandlet en Mængde fælles Sager vedkommende baade større og mindre Kredse, og de Blade, som udkomme i Byerne, kunne da medtage baade det for Stedet særegne og det for Landet almindelige. Men for Landdistrikterne, som ligger langt fra Udgiverstedet, er det umuligt at faa sine særegne Anliggender saa udførligt og godt behandlede, som ønskeligt kunde være, dels fordi Bybladene af Hensyn til sine andre Læesere ikke vil indtage meget fra en enkelt Kant, dels fordi enhver kvier sig for at skrive i Blade, som kun faa af rette Vedkom- mende læser. Af disse Grunde er der opstaaet flere og flere mindre Aviser, først i Smaabyerne og senere ogsaa i flere Landdistrikter. At Hardanger har saa mange Interester og saa megen Virksomhed i mange Retninger, at det har Brug for et Blad, har længe været tænkt og omtalt. Om denne Tanke har været rigtig, vil snart vise sig deri, at mange finder det nødvendigt at holde Bladet, men ogsaa deri, at mange af de skrivedygtige blandt Hardangerne skrive i Bladet. Vi tør paa ingen Maade smigre os med, at alle hilse Bladet velkommen; der gives vel dem, som frygter for den Strid, som Bladet kan komme til at indeholde. Uden at indlade os paa at imødegaa dem, som muligens kunde nære en saa- dan Frygt, skal vi dog udtale, at da den gode, gamle Tid er forbi, da alt gik saa stille og roligt af, og der er kommen en ny Tid, som kræver, at det offentlige skal være offentligt, saa tror vi, det er meget bedre, at enhver Sag, hvorom der er delte Meninger, kan blive uddiskuteret paa Forhaand saa offentligt som muligt; kanske træde der da i mange Tilfelde blive mere Klarhed og mindre Nag og Bitterhed mellem Partierne. Det er derfor vor Mening at aabne Bladets Spalter for en Diskusjon, og i den maa alle Partier kunne komme tilorde, naar det sker paa en sømmelig Maade.»
Utgjevaren vedgjekk at det nok hadde vore best å gje avisa ut på «Landsmaalet», men lova å gje plass til alle målformer som velvillige lesarar kunne forstå.
Fyrsteutgåva kunne elles opplysa om at skulekommisjonen samrøystes hadde tildelt Ole S. Stueland stillinga som kyrkjesongar og lærar i Kinsarvik, om nytt frå Frankrike og Spania, og om dødsfallet til ein seminarlærar på Stord. I lysingane kunne ein mellom anna lesa at Johs. Helleland hadde bøker til sals, til dømes Gamle Sogor om Hellas og Perserriget.
Endåtil ein vits var det plass til, under overskrifta «Ka so treffe»:
«Endel Soldater sed engang paa en Vagtstue og spillede Kort. En Offiser gik forbi og hørte Slagene [i] Bordet. Han gik ind og spurgte, hvad det var. Vagtkommandøren svarede: «De spiller Kort, Hr. Kaptein, og saa er det saa rart med det. Naar de stikke og legge Es i, saa vil de gjeme slaa i Bordet.» «Ja», sagde Offiseren, «jeg ttllader at spille Kort, men ikke at stikke og legge Es i.»